Årsmøtet vert på Rosendal Samfunnshus tysdag 18/2 kl 1900. Innkalling vedlagt årsmelding og rekneskap er lagt ut her (link under), og vart sendt ut til alle medlemmer på epost 31. januar.
Mvh Styret
Røynholm Båthamn
Årsmøtet vert på Rosendal Samfunnshus tysdag 18/2 kl 1900. Innkalling vedlagt årsmelding og rekneskap er lagt ut her (link under), og vart sendt ut til alle medlemmer på epost 31. januar.
Mvh Styret
Vinteren nærmar seg, og det byrjar etter kvart å bli fare for minusgrader, så vi vinterstengjer vatnet i hamna frå førstkomande søndag, 17/11.
Minner og om at dei av medlemene som enno ikkje har sjekka vinterfortøyningane sine, må gjera det snarast. Fortøyningane skal vera stramma opp, og båtane skal ha skikkeleg fendring (jamfør laget sine vedtekter). Pr. i dag er det nokre båtar som ligg med slakke fortøyningar og dårleg eller ikkje fendring. Hugs at det ikkje skal brukast aluminium eller rustfritt mot galvaniserte brygger!
Styret.
Det er no lagt til link til webkamera i Røynholm øverst til høgre her på nettsida, brukar/pass vert sendt ut til alle medlemmer på sms. OBS, fungerer ikkje i nettlesar på telefon.
Årsmøtet vert på Rosendal Samfunnshus torsdag 15/2 kl 1900. Innkalling, årsmelding og rekneskap er lagt ut her, og vert sendt ut til alle medlemmer på epost i dag 31. januar.
Mvh Styret
Innkalling til Årsmøte 2024
Årsmelding 2023
Signert regnskap 2023
No har vi motteke naudsynt utstyr for å ferdigstilla vatn på bryggene i hamna, så då freistar vi med dugnad på det og litt anna tysdag 23/5 og onsdag 24/5. Oppstart i utgangspunktet kl 1700 begge dagar, kontakt Knut på 95967811 om du evt ønskjer å møta tidlegare.
Mvh Styret
Det vert årsmøte i Rosendal Samfunnshus 21. februar kl 1900. Innkalling vert sendt ut på epost 7. februar.
Mvh Styret
Nokre bilder frå demontering av resten av dei gamle bryggene i dag 24/11, gjekk kjapt og effektivt for seg 🙂
Vi har no til slutt fått endelig dato for montering av resten av bryggene, det VikØrsta no seier er dei 2 første vekene i desember. Utfrå dette, satsar vi på å få utført demonteringa av gjenståande 24-26.november. Knut organiserer dette, dei som kan/vil delta kan gjerne melda seg til han, helst på sms/epost, meir info kjem når det nærmar seg. Dei som har båt liggjande på den gjenståande delen, må altså flytta innan 24/11. Vi vil prøva å få dette til med internflytting i hamna, dei det gjeld kan kontakte Leif på sms/epost, så ser vi kva vi får til.
Mvh Styret
Då har hamnesjef og dugnadssjef fått på plass ein førebels plan for byte av brygger.
Den inneber at hamna må vera tømt for båtar seinast søndag 28. august, arbeidet med demontering startar 29. august, noko førebuande arbeid gjerne og noko i forkant av dette.
Ein ser for seg at heile september vil gå med på arbeidet med demontering/vekkrydding av gamalt og montering av nytt.
Det vil naturleg nok bli bruk for mykje dugnadsarbeid i samanheng med dette. Vi ber difor om at alle som har mulighet til å gjera ein ekstra innsats, godt utover dei tre dugnadstimane, melder seg til Leif eller Knut sine epostadresser innan utgangen av mai, evt tek kontakt på tlf. Leif har hamnesjef@rosendalbaatlag.net/90628283, Knut dugnadssjef@rosendalbaatlag.net/95967811.
Arbeidsoppgåver er demontering og montering av elektro, vatn, fortøyningsstag etc, frakt av brygger til kai, og sjauing/sortering av gamle brygger opp i containerar frå Ragnsells. Oppdateringar om plan vil bli lagt ut etter kvart.
Mvh Styret
Det vert ikkje fellesdugnad i år heller. Dugnadssjef har likevel nokre oppgåver som skal utførast, så du som ønskjer å utføra dugnad i staden for å betala, kan kontakta dugnadssjef om dette på 95967811 ved første høve. Helsing Styret