Bestilling av slipptid
For båtlaget sine medlemer er det laga til to bestillingskalenderar for slipping. Ein for den store slippen og ein for den vetle. Skal du nytta storeslippen, må du avtala med ein av dei som kan kjøra den i god tid på førehand, seinast dagen før. OBS! Det er i utgangspunktet maks 3 dagar på slippen, treng du meir enn det, skal det avtalast med hamnesjef før bestilling i kalender vert gjort.
Retningslinjer for opptak og utsetting ved slipping
-
- Godkjent slippkøyrar
- Kun personar som er godkjent for bruk av Storeslippen har tillating til å utføre opptak og utsetting av båtar.
- Sikring av slippvogn
- Slippkøyrar skal påsjå at støttene på begge sider av slippvogna ligg nede når vogna står på land utan båt.
-
Legg kilar bak hjula på slippen
- Orden og ryddigheit
- Slippkøyrar skal påsjå at det er god orden og ryddigheit på slippområdet under og etter slipping, og informere brukarane om gjeldande krav til rydding.
- Opphald ombord
- Det er ikkje tillatt å bu eller overnatte ombord i båtar som står på land på slippområdet.
- Avvising av slipping
- Slippkøyrar har rett til å avvisa opptak eller utsetting dersom forholda vert vurdert som utrygge, eller dersom slipping av andre grunner ikkje kan gjennomførast på ein forsvarleg måte.
- Båteigar sitt ansvar
- Båteigar har det fulle ansvaret for båten og for alle forhold knytt til slipping og opphald på slippområdet, inkludert eventuelle skadar på personar, båt eller utstyr.
- Hugs at vekt og djupna på båten må alltid bli gitt beskjed om til slippkøyrar.
- Steng av gassflasker og straum, og sikre for oljesøl.
- Godkjent slippkøyrar
Slik bestiller du slipptid:
-
- Klikk på aktuell slipp på lenker under.
- Alle datoar som er merka grøne er ledige, raudt er opptatt.

- Klikk ein gong på dato du vil ta båten opp, denne vert då midlertidig merka med svart.
- Klikk så ein gong på dato du vil ta båten ned att, då vert dagane som er aktuelle merka svarte. (Dersom du kun skal ha 1 dag så klikk ein gong til på valgt dato).
- Fyll så ut skjema som ligg under kalendaren, alle felt med raud * må fyllast ut.
- Klikk til slutt på «Bestill Slipptid», etter litt tenking vil får du beskjed om at bestillinga er gjennomført.
- Kvittering kjem på din epost.
- Dersom du skal avbestilla slipptida, klikkar du her for å sende epost med avbestilling.
- For storeslippen: Hugs å ta kontakt med ein av dei som har løyve til å køyre slippen, liste finn du i link Storeslippkjørarar.