Rosendal Båtlag har no fornya, og byrja oppdatera, heimesida si. Hovudføremålet med denne sida er å betra kontakten mellom styret og medlemene – eller omvendt – smått og stort. samt å orientera eventuelle båtgjester om den trygge og gode hamna vår. På sida finn du og ein bruktmarknad, der medlemene gratis kan få gjera andre medlemer merksame på om dei har båt eller båtutstyr dei vil selja eller byta, eller om det er noko dei vil kjøpa.
Vi gjer og merksam på at båtlaget har oppretta ei fjesbokgruppe berre for laget sine medlemer. Alt av intern informasjon vert lagt ut der. Mange av medlemene våre har alt vorte med i gruppa. Vil du og vera med? Gå då inn på linken ovanfor og meld frå.
Har du elles noko på hjarta som gjeld båtlaget? Gå inn på «KONTAKT OSS» og send ein e-post, eller ta kontakt på telefon. Namn og telefonnummer til styremedlemene finn du under «STYRET».
Styret.