Som medlem har du rett til båtplass i Røynholm Båthamn. Her kjem det litt informasjon om båtlaget, hamna, retter og pliktar.
Det er Hamnesjefen som tildeler plass i hamna. Forutan plass i hamna får du nøkkel til lagshuset, -skap for opning av vatn, -skap til straum og til dieselpumpa. For bruk av dieselpumpa må du i tillegg få ein unik kode. Det er berre medlemmer som kan fylla diesel i hamna.
Nøklar og kode vert utlevert av Hamnesjef. Vi rår deg til å ta kontakt med Hamnesjef for utlevering og for ein gjennomgang og synfaring i Hamna.
Hamna har to slippar som du kan nytte til båten din. Vetleslippen kan du kjøra sjølv, mens Storeslippen kun kan kjørast av dei med opplæring. Du finn liste på slippsida på heimesida vår, slipptid tingar du i kalender på same side, link til sida her
På heimesida finn du og lenke til Webkamera og informasjon om korleis ein kan laste ned app på mobil for å sjå kamera i hamna. Brukar/pass får du på sms ved forespørsel.
Som medlem er ei av pliktene å delta på dugnad, inntil 3 timar pr år, som vert utført i samråd med Dugnadssjef. Ta kontakt med han for tildeling av oppgåver. Laget prøver og å få til nokre fellesdugnader. Om du ikkje har høve til å delta på dugnad, er det anledning til å betala i staden.
For viktige meldingar nyttar laget utsending av sms.
Vi vonar du finn deg vel til rette i laget og hamna. Husk tryggleik.
Vedtekter og Hamnereglar finn du her – vi bed deg om å setja deg vel inn i disse.
HUSK – lurer du på noko er det berre å ta kontakt!
Kontaktinfo til styret finn du her