Fellesdugnad

Fellesdugnaden i hamna våren 2019 vert tysdag 7. mai og tysdag 28. mai, begge dagar frå klokka 18.00 til 21.00.

Det er ein god del førefallande arbeid som skal gjerast i hamna i vår, så det er viktig at medlemene møter fram.

Ta og gjerne med litt handverktøy som hammar, sag m.m.

Styret.

Tid for slipping

Medlemer som skal på slipp i vår, må merka seg at det i år ikkje vert hengt opp slipplister i lagshytta. I staden må medlemene gå inn på nettsida vår, der ein i hovudmenyen må trykkja på slipping. Då vil det koma opp ein kalendar for storeslippen og ein for vetle, samt informasjon om korleis ein skal gå fram for å tinga plass på slippen. Lukke til.