Vinteren nærmar seg, og det byrjar etter kvart å bli fare for minusgrader, så vi vinterstengjer vatnet i hamna frå førstkomande søndag, 17/11.
Minner og om at dei av medlemene som enno ikkje har sjekka vinterfortøyningane sine, må gjera det snarast. Fortøyningane skal vera stramma opp, og båtane skal ha skikkeleg fendring (jamfør laget sine vedtekter). Pr. i dag er det nokre båtar som ligg med slakke fortøyningar og dårleg eller ikkje fendring. Hugs at det ikkje skal brukast aluminium eller rustfritt mot galvaniserte brygger!
Styret.