Vedtekter for Rosendal Båtlag

Med hamnereglar for Røynholm Båthamn
Revidert 2022

§ 1.

Namnet er Rosendal Båtlag.

§ 2.

Foreninga sitt føremål er å fremma det individuelle og samla båtliv sine interesser på vegne av medlemane og ålmenta, herunder å

  1. Tilretteleggja hamneplass for fritidsbåtar, og søkja å skapa eit aktivt og godt båtmiljø.
  2. Arbeida for utbreiing av fritidsbåtlivet som rekreasjon og kystkultur.
  3. Arbeida for utbreiing av kunnskap om sjøvett, sikkerhet, kystkultur og marint miljøvern.
  4. Ivareta medlemane og ålmenta sine interesser og rettigheter til bruk av skjærgard, sjø og hav som rekreasjonsområde, og til anna privat fritidsbasert utnytting.
  5. Samarbeida med så vel andre private organisasjonar og offentlige myndigheter til fremming av båtlivet og båtfolket sine interesser.

Foreninga sitt føremål er ikkje-økonomisk, eventuelle overskot på økonomiske aktiviter, kan i den utstrekning det ikkje vert avsett til framtidig oppfylling av foreninga sitt føremål, kun disponerast utanfor foreninga til tilsvarande føremål i regi av ein ideell interesseorganisasjon eller anna båtforening som er registrert i Frivillighetsregisteret.

§ 3.

  1. Alle kan søkja medlemskap, søknad skal sendast styret.
  2. Hamneplass vert tildelt av styret ved hamnesjef. Overdraging eller utleige til andre kan berre gjerast av styret v/hamnesjef.
  3. Ved utmelding av laget kan vedkomande få tilbakebetalt eit beløp fastsett av årsmøtet. Føresetnaden er at eit nytt medlem overtek plassen.
  4. For stor båt kan utelukka båtplass i Røynholm.

§ 4.

  1. Årmøtet fastset årleg kontingent samt andre avgifter.
  2. Styret fastset kva tid kontingent og leige skal vera innbetalt.
  3. Dei som ikkje rettar seg etter laget sine vedtekter, kan ikkje få hamneplass.
  4. Medlem som har fått tildelt hamneplass, har i utgangspunktet berre lov til å leggja eigen båt på plassen. Dersom fleire eig båt i lag, kan det gjerast unntak, slikt unntak skal i tilfelle vera godkjent av Styret v/hamnesjef før sameigd båt vert lagt i hamna. Hamneplass kan ikkje vera sameigd. Framleige/utleige av hamneplass er det berre Styret v/hamnesjef som kan gjera. Reglar for framleige vert fastsett av Styret.

§5.

Båteigaren må til ei kvar tid syta for at fortøyinga er i orden og sterk nok, og at båten har naudsynte fendrar. Hamnesjefen kan påleggja båteigaren å betra ovannemnde, og om naudsynt utføra dette for båteigaren si rekning. Frå medio august skal større båtar teitast opp med tau i akter- eller midtskips pullert og inn i flytebryggja.

Kvart medlem er ansvarleg for skade som skuldast uforsvarleg manøvrering/fart, dårleg fortøying, dårleg fendring, uforsiktig bruk av varme, og andre ting som kan gjera skade på hamneutstyr og/eller båtar. Dersom styret og eigar ikkje vert samde om skuldspørsmålet, eller storleiken på skaden, pliktar styret å syta for at ei skjønsnemnd som begge partar kan godta, vert oppnemnt for å ta avgjerd i saka.

Ingen kan leggja båt i hamna utan løyve frå hamnesjef. Unntaket er båtar som søkjer naudhamn.

§ 6.

Klager skal meldast skriftleg til styret. Munnlege klager vert ikkje handsama.

§ 7.

Medlemene har rett til:

  1. Båtplass etter tilvisning frå hamnesjef, når krava for tildeling er oppfylte. Hamnesjefen skal så langt råd er gje båteigarane den båtplassen dei ynskjer.
  2. Å nytta seg av slipp og andre fasilitetar som båtlaget disponerer over, mot å betala ei nærare fastsett avgift. Slipping bestiller ein i kalender på nettsida til laget.
  3. Vinteropplag på arealet som båtlaget disponerer så langt plassen tillet, og dersom ikkje storleiken på båten er til hinder for det. Det er hamnesjefen som tilviser opplagsplass.
  4. Leiga oppbevaringsboksar, skåp og naust om det finst, mot å betala ei fastsett avgift.
  5. Å nytta sanitæranlegg, henta drikkevatn, eventuelt båtspyling og liknande.
  6. Å nytta straumuttak til enklare arbeid.
  7. Å nytta straumuttak til varme om bord i båt mot å betala for dette.

§ 8.

Medlemene plikter:

  1. Å fylgja laget sine lover og føresegner.
  2. Å betala kontingent og avgifter i rett tid. Dersom årsavgifta ikkje er betalt innan 14 dagar etter 2. gongs purring, vil plassen verta oppsagt. Båtplassen går då tilbake til Rosendal Båtlag, og vil verta lagt ut for sal.
  3. Å halda båten ansvarsforsikra så lenge den ligg i hamna.
  4. Å kontrollera og melda frå til styret eller hamnesjef om uvedkomande legg båtar i hamna, eller nyttar seg av laget sine tilbod om straum, slipp m.m.
  5. Å verna om båtlaget sine interesser, og bidra til å halda området reint og i orden til ei kvar tid.
  6. Å vera med å rydja og ta del i turvande dugnadsarbeid som styret i båtlaget finn å måtta påleggja. Styret kan påleggja inntil tre timar dugnad pr medlem pr år. Ikkje utført dugnad vert å betala med timesats fastsett av Årsmøtet.
  7. Å melda frå til styret om uregelmessige ting skjer.
  8. Å kjenna laget sine lover og føresegner.
  9. Diesel: Berre medlemer får tildelt kode for fylling av diesel, hamnesjef tildeler kode. Dersom kunngjort instruks ved anlegget ikkje blir fylgt, blir kode og løyve inndrege.
  10. Straum til oppvarming: Det skal monterast minusmålar om bord eller ved båten før straum blir brukt til oppvarming.  Medlem skal avlesa målar og rapportera inn forbruk til kasserar 2 gonger årleg, 1. januar og 1. juli.

§ 9.

Båtlaget skriv frå seg alt ansvar for skade på materiell eller personar, eller tap skulda arbeid av ein kvar sort, eller skade årsaka av sviktande fortøyingar, båtfeste eller underslag. Båtlaget erstattar ikkje bortkomne saker i båthamna. Båtlaget kan koma i ansvar ovanfor 3. person.

§ 10.

Dersom eit medlem ved sin oppførsel vekkjer forarging, eller ikkje rettar seg etter styret sine pålegg eller etter laget sine lover, kan vedkomande ekskluderast og mista rettane sine. Eit ekskludert medlem kan krevja å få saka si opp på første årsmøte, som med vanleg fleirtal kan omgjera saka.

§ 11.

Laget si leiing og val:

  1. Laget skal leiast av eit styre på fem medlemer; formann, varaforman, kasserar, sekretær og styremedlem.
  2. Styret og to varamedlemer til styret skal veljast av årsmøtet. Formannen vert valt av årsmøtet for eit år om gongen. Dei andre styremedlemene vert valde for to år om gongen, to av dei er på val eit år, dei to andre året etter. Utanom formannen konstituerer styret seg sjølv.
  3. Årsmøtet vel to revisorar.
  4. I tilfelle likt røystetal har formannen dobbelrøyst.
  5. Varaformannen er hamnesjef.
  6. Styret kan ta avgjerd i saker dersom det er tre frammøtte, men ein av desse må vera formann, varaformann eller kasserar. Det er formann eller varaformann som kallar saman til styremøte.
  7. Kasseraren plikter å føra alle inn- og utbetalingar i ei kassabok eller ein rekneskap etter god skikk og bruk. Disponible midlar skal inn på konto i laget sin bank.
  8. Rekneskapet skal vera avslutta 31. desember.
  9. Hamnesjefen fordeler båtplassane, og tar avgjerd i saker som har med båtplassering og tilsyn med hamna å gjera. Avgjerdene hans kan ankast til styret.
  10. Kasseraren og hamnesjefen skal kontrollera kven som har ansiennitet, kven som har betalt avgifter m.m., og setja opp lister over medlemer og båtar i hamna.
  11. Kasserar skal (i dei tilfella det er naudsynt) før betaling av rekningar syta for å kontrollera at vare/teneste er ordra av styremedlem.

§ 12.

  1. Årsmøtet skal haldast innan utgangen av februar.
  2. Omframt årsmøte skal haldast når styret finn det turvande, eller når minst 1/5 av medlemene krev det skriftleg.
  3. Medlemsmøte kan haldast når styret finn det turvande.
  4. Framlegg til endring av lovene må vera sendt skriftleg til styret seinast 31. desember, og vedtak på årsmøte krev 2/3 fleirtal. Dessutan må minst 15 medlemar vera til stades. Alle andre framlegg kan ein ta opp på årsmøtet og avgjera med vanleg fleirtal. Einaste unntaket er saker av stor økonomisk betydning, som må leggjast fram for styret seinast 14 dagar før årsmøtet.
  5. Innkalling skjer skriftleg, via epost/sms. Rekneskap og årsmelding skal vera vedlagt innkallingsepost. Medlem som ikkje ønskjer å nyttta epost/sms, kan få innkalling etc på papir, mot tilleggsgebyr fastsett av årsmøtet.
  6. Alle årsmøte skal vera kunngjort skriftleg på laget si nettside og facebookside, samt ved epost/sms-utsending minst 14 dagar før møtet.

§ 13.

Framlegg om oppløysing av laget må sendast styret innan 31. desember, og leggjast fram for årsmøtet med minst 14 dagars varsel. Vedtak om oppløysing treng minst ¾ fleirtal av det totale medlemstalet.

Hamnereglar for Røynholm Båthamn
  1. BÅTPLASS

    Berre medlemer i båtlaget har lov til å leggja båt i hamna utan å ha innhenta løyve frå hamnesjefen eller styret. Hamnesjefen tilviser plass. Båtplass som ikkje vert brukt av eigar for kortare eller lengre tid, bør meldast til hamnesjef.

  1. FORSIKRING

    Alle som har båt i hamna plikter å ha ansvarsforsikring.

  1. GJESTER

    Med løyve frå hamnesjef kan gjester fortøya båt mot å betala fastsett avgift. Gjestefarty må og vera ansvarsforsikra.

  1. FORTØYING

    Alle som har båt i hamna plikter å halda fortøyingane i orden og korrekt oppstramma, dessutan ha båten skikkeleg fendra. (Sjå § 5 i laget sine vedtekter)

  1. SKADE

    Ein kvar skade som vert påført hamna eller annan båt i hamna, skal straks meldast til hamnesjef eller styret.

  1. FART

    Sakte fart skal nyttast i hamneområdet.

  1. BADING

    Bading og leik i hamna er ikkje tillate.

  1. AVFALL

    Det er ikkje lov å kasta fiskeavfall eller anna avfall i hamnebassenget. Båttoalett utan septiktank må ikkje nyttast når båten ligg i hamna, og tørrklosett må ikkje tømast i hamnebassenget.

  1. PARKERING

    Parker ikkje slik at utrykningskøyrety blir hindra. Parker ikkje på snuplassar.