Nye brygger i hamna

Då har hamnesjef og dugnadssjef fått på plass ein førebels plan for byte av brygger.

Den inneber at hamna må vera tømt for båtar seinast søndag 28. august, arbeidet med demontering startar 29. august, noko førebuande arbeid gjerne og noko i forkant av dette.

Ein ser for seg at heile september vil gå med på arbeidet med demontering/vekkrydding av gamalt og montering av nytt.

Det vil naturleg nok bli bruk for mykje dugnadsarbeid i samanheng med dette. Vi ber difor om at alle som har mulighet til å gjera ein ekstra innsats, godt utover dei tre dugnadstimane, melder seg til Leif eller Knut sine epostadresser innan utgangen av mai, evt tek kontakt på tlf. Leif har hamnesjef@rosendalbaatlag.net/90628283, Knut dugnadssjef@rosendalbaatlag.net/95967811.

Arbeidsoppgåver er demontering og montering av elektro, vatn, fortøyningsstag etc, frakt av brygger til kai, og sjauing/sortering av gamle brygger opp i containerar frå Ragnsells. Oppdateringar om plan vil bli lagt ut etter kvart.

Mvh Styret