Vinteren nærmar seg

Vinteren nærmar seg, og for komande veke, veke 47, melder både YR og Storm om minusgrader. Difor vert vatnet i hamna vinterstengt frå midten av neste veke.

Minner og om at dei av medlemene som enno ikkje har sjekka vinterfortøyningane sine, må gjera det snarast. Fortøyningane skal vera stramma opp, og båtane skal ha skikkeleg fendring (jamfør laget sine vedtekter). Pr. i dag er det alt for mange båtar som ligg med slakke fortøyningar og dårleg eller ikkje fendring.

Styret.

Triveleg dugnadskveld

I strålande ver, men mykje vind, hadde vi 13-14 som møtte fram til fellesdugnaden tysdag 8. mai, ein triveleg kveld i båthamna. Dei få som møtte, gjorde ein skikkeleg god  jobb, og vi fekk utført ein god del førefallande vedlikehaldsarbeid til beste for alle dei 122 medlemene i laget. Dessutan hadde vi ein god og kjekk kaffipause, med kaffi og nydelege nysteikte skillingsbollar frå Johnny Thomsen. Stor takk til deg Johnny.

Så til alle de 108 medlemene som ikkje var med oss denne kvelden: De får ein ny sjanse tysdag 29. mai frå kl. 18 til 21. Kanskje ein ide å møta fram og ta eit tak for fellesskapet?

 

Fellesdugnad i hamna våren 2018

Det vert fellesdugnad i hamna tysdag 8. mai og tysdag 29. mai, begge dagar frå klokka 18.00 til 21.00.

Det er ein god del førefallande arbeid som skal gjerast i hamna i vår, så det er viktig at medlemene møter fram.

Styret.

Gammal Pioner

Med ujamne mellomrom treng vi ein liten arbeidsbåt i hamna, og av den grunn har styret vedteke å gå til innkjøp av ein båt på 8-10 fot. Båten må vera lett, gjerne ein av typen Pioner, eller t.d. ein liten aluminiumsbåt.

Båten kan gjerne vera gammal og sliten, men han må vera nokolunde tett, og ikkje kosta meir enn kring 5000 kroner. Har du ein slik som du vil selja, eller kjenner nokon som har ein slik? Ta i så fall kontakt med ein av oss i styret.

 

Sakte fart

Rett som det er vert det observert medlemer på veg ut av, eller inn i hamna, for god fart. Det bør vera kjent at i hamna er det sakte fart som gjeld. Og sakte fart betyr SAKTE FART. Lat oss alle hugsa på det denne sesongen, så vert det og litt trivelegare for dei som ligg på kne og albogar og jobbar i båtane sine.

Sandblåsing

I fjor haust vart gamleslippen sett i skikkeleg teknisk stand, og denne våren er det meininga å pikka rust og måla vogna. Men i staden for å pikka rust hadde det vore enklare med sandblåsing.

Difor: Er det einkvan av medlemene som driv med sandblåsing, eller har slikt utstyr til låns, eller kjenner nokon som har slikt utstyr, er vi takksame om dei tek kontakt med hamnesjefen, dugnadssjefen eller formannen.

 

Ubedne gjester

I nyårshelga har det vore ubedne gjester ombord i ein av båtane i hamna. Ingenting skal vera stole, det er heller ikkje gjort herverk, men det skal vera rota litt. Båteigarane bør no sjekka båtane sine, og er det fleire som oppdagar at det har vore ubedne gjester ombord, så meld frå til formann eller hamnesjef.

 

Slipping på storeslippen

Desse er no «sertifiserte» for å køyra storeslippen. Difor: Skal du på storeslippen, ring ein av desse, så køyrer dei vogna for deg.

Jens Jarle Haugland, tlf. 90733505
Ivar Gravdal, tlf. 47756964
Frank Matre, tlf. 41331170
Steinar Omvik, tlf. 97725386
Kjartan Wang Olsen, tlf. 99520862.

Styret.